04/11-03
-
Pressemeldinger
Vandreutstilling om det atlantiske Noreg
Kulturrådet gir 400 000 kr til ei større vandreutstilling om landskap, busetting og arkitektur i det nordatlantiske kulturområdet. Utstillinga, som inngår i hundreårsmarkeringa i 2005, vil vise kor viktig kystkulturen har vore i norsk og nordatlantisk kulturhistorie. Utstillinga er initiert av Bergen Museum og skal opnast i 2005 i NORVEGR-senteret i Rørvik i Nord-Trøndelag.
Utstillinga skal innom ti stader langs norskekysten, før ho i 2006 blir flytta til Reykjavik med ei meir internasjonal vinkling. Vandringa er deretter planlagt å halde fram til 2008 i til saman 11 land i det nordatlantiske området.
Utstillinga vil formidle dei lange linjene i busettingshistoria i Nord-Atlanteren, ein region med sterk avhengigheit til havet. Ho vil vise dei kulturelle røttene i kystlandskapet og samstundes peike inn i framtida ut frå tema som forvalting av landskap, ressursar og menneskets livsmiljø. Utstillinga trekkjer dessutan inn musikk, biletkunst og litteratur som tolkarar av landskapet.
Prosjektet har sin bakgrunn i debatten om kystkulturens plass i den nasjonale kulturforståinga. Dette er ei kjent problemstilling i landa rundt Nordsjøen og i det nordatlantiske kulturområdet. I Noreg er den blitt særleg aktualisert av hundreårsjubileet som sjølvstendig nasjon, men temaet vekkjer aukande interesse i alle kyststatar.
I 1905 var det den nasjonale identiteten, som særleg bygde på odelsbondeomgrepet, nasjonalromantikken og dei norske kulturtradisjonane, som stod i fokus. Kystkulturen og det kulturelle fellesskapet over havet var meir eller mindre fråverande tema under nasjonsbygginga fram mot unionsoppløysinga.
Hundre år seinare er kulturforståingane endra, og utstillinga vil med utgangspunkt i landskapets og naturens rammevilkår kaste lys over det kulturelle fellesskapet i Nord-Atlanteren gjennom 5000 år.