Få ditt eget presserom

Få ditt eget presserom
18/03-08   -   Pressemeldinger

Rosendal Musikkfestival 30. mai – 1. juni 2008

The Brazz Brothers
Tingingsverket «Alltid ei oppstigande sol»
Vidar Johnsen & Peter Nordberg
Janne Schaffer trio
Vetrhus bluesband
The Tramps
ClutterBllies

Det nærmar seg sommar, og eit sikkert vårteikn er programmet til Rosendal Musikkfestival. Det er i år 30 år sidan det heile starta, og festivalen vil markere 30 års jubileet på ulike måtar. Gleda er stor når vi introduserar Rosendal Musikkfestival sitt jubileumsprogram, som er ein fin blanding av lokale, nasjonale og utanlandske artistar. Festivalen har fått tittelen «Alle våre reiser», som spelar på at vi i år både ser attende og framover.

Fyrst ute er The Brazz Brothers, som står for opningskonserten i Rosendal Samfunnshus. Det er ekstra kjekt å presentere dei i år, for deira gamle band Ytre Suløens Jazzensemble spelte på den aller fyrste festivalen i 1977. Publikum vil her oppleve ei musikalsk reise der glede og improvisasjonskunst står i sentrum. Heldige er òg dei som finn vegen til Rosendal Fjordhotel denne kvelden, der Vidar Johnsen & Peter Nordberg skal ha akustisk konsert dei kallar "tett på". I Rosendal Samfunnshus inviterar vi til nattdans med det irskinspirerte gruppa The Tramps. Dei er rekna som det kanskje fremste folkrockbandet i landet, og vil nok skape liv og røre.

Laurdag startar med den tradisjonelle Folkefesten i Skålagato med god festivalstemning, og mellom anna jusstudentane i Force Marsjør Juzz-Band. Gratiskonsert vert det også. Om ettermiddagen vil blåsarane Torstein Hatlevik og Marius Lamberg Torjusen halde konsert på Malmanger skule.

Eit stort jubileum utan ein skikkeleg festkonsert er umogeleg. Vi er stolte over å kunne presentera tingingsverket «Alltid ei oppstigande sol». Regien er ved Karina Opdal, som har utmerka seg både i Bergen og i Kvinnherad. Ho skal også delta som solist og opplesar. Alle artistar som deltar har sine røter i Kvinnherad og er særdeles dyktige. Andre artistar som førebels har takka ja til å delta er: Gunnar Emmerhoff (el. gitar), Gunhild Aubert Opdal (skodespelar), Steinar Sande (skodespelar, vokal), Arve Furseth (keyboards), Tor Bjarne Bjelland (trommer), Bjørn Tarberg (akustisk gitar), Kari Malmanger (vokal), Gjermund Fredheim (el. og ak. gitar) og Magne Thormodsæter (bass). Tekstane dei nyttar er frå vestnorske forfattarar som t.d. Olav H. Hauge, Anne Karin Fonneland, Kolbein Falkeid, Åse-Marie Nesse og Frode Grytten. Dei skal ha to framføringar i Rosendal Samfunnshus denne dagen. Dette vil nok vere eit av høgdepunkta for dei som møter fram.

Laurdagskveld, Festivalkro på Gjesten og Vetrhus bluesband, kan det bli betre? Oddabandet vil levere ein forrykande konsert med stor speleglede og utstråling. Nattdans i samfunnshuset vert det med ClutterBillies, eit lovande countryrockband frå Arendal. ClutterBillies er kjent for tøffe rytmar, røffe gitarriff/banjo og sterke vokalprestasjonar. Lystne festivaldeltakarar vil nok få trimma dansefoten denne kvelden.

Søndag er det kyrkjekonsert med sjølvaste Janne Schaffer. Han er ein framtredande gitarist, og har spelt med mange kjente artistar, han var til dømes med på over halvparten av ABBA sine innspelingar! Janne Schaffer har med seg Steffan Blomquist (fløyte) og Bjørn J:son.(tangentar). Trioen har eit tøft turnprogram, så vi er svært heldige å få dei til festivalen. I tillegg jobbar

festivalnemnda med eit arrangement på husmannsplassen Grønestøl, men artist er ikkje avklart enno.

Festivalkunstnarar er Jarle Rosseland hjå Galleri Rosendal, og Kjell Erik Killi Olsen

hjå Galleri G Guddal.

Billettsalet opnar i år 28. april.

Pressekontakter


Selskap

Rosendal Musikkfestival
Postboks 178
5486 Rosendal, Norge

  95 83 20 01


Motta nyheter fra Rosendal Musikkfestival via epost

Registrer deg her
Vårt oppdrag er å strømlinjeforme og formidle all slags presse- og forretningsinformasjon og gjøre den tilgjengelig for alle på alle tilgjengelige plattformer.

Om MyPressWire